"På tvers av generasjonar"



Prosjektet «På tvers av generasjonar,"er eit prosjekt som har vorte jobba fram med tanke på å vere ein ressurs for Moltustranda Montessori. Ønsket er å tilby skulen og elevane eit aktivitetsjul som følger skuleruta og årstidene, dette med ressursar til å utføre aktivitetar ilag med elevane. Hovudfokus vil vere å lære på tvers av generasjonar, der nasjonale læringsmål, verdiar og prinsipp ligg i botnen.


• Folkehelse og livsmeistring
• Demokrati og medborgarskap
• Berekraftig utvikling
• Identitet og kulturell forståing
• Samarbeid og sosial læring


Prosjektets hovudmål og delmål:
Hovudmål er at prosjektet skal verte vedvarande, ein årleg tradisjon

Delmål er todelt:
• Tilby elevar kjennskap til tradisjonar, naturressursar, historie og knyte band til generasjonar i lokalsamfunnet
• Skape samhald og møteplass for lokalsamfunnet, der generasjonane vert kjende på tvers av aldersnivå

Prosjektet si arbeidsgruppe består av Per Ståle Moltu, Anja Lillestøl og Anett Skorpen Tarberg

Prosjektets aktivitetar vil vere i endring og avhengig av personar frå lokalsamfunnet som stiller som ressurs. Prosjektet vil vere noko ein tilbyr som vert til i samarbeid med skulen. Ressurspersonane ført i tabell har takka ja til å delta. Aktivitetane beskrivne er førebelse og dei enkelte resurspersonane må gjerne endre ønske om aktivitet.

Det er gledeleg om fleire ressurspersonar kjem til.
Kvar aktivitet er ikkje tenkt til å vere krevjande for ressurspersonane, det vil innebere ein skuledag/halv skuledag, samt at nokre av aktivitetane vil krevje litt forarbeid.

Prosjektet er planlagt som eit tre-årig prosjekt