Vi søkjer ekstrahjelp/tilkallingsvikar til skule og SFO




Moltustranda Montessori søkjer ein trygg, engasjert og fleksibel ekstrahjelp/tilkallingsvikar som kan bidra både i skulen og på SFO.

Moltustranda Montessori er ein ny og spennande Montessori-skule for 1.–7. trinn, og vi er no på jakt etter ein person som ønskjer å bli ein del av det gode miljøet vårt. 

Som ekstrahjelp/tilkallingsvikar kan du bli spurt om å ta vakter både i skulen og på SFO. Behovet vil variere gjennom skuleåret, og vi ser etter ein person som kan vere fleksibel og stille opp når det er behov. I starten vil behovet vere størst på SFO. 

Arbeidsoppgåver 

I skulen Som tilkallingsvikar i skulen kan du mellom anna få oppgåver som:

  • vere støtte for elevar i skulekvardagen
  • følgje opp elevar individuelt eller i mindre grupper
  • bidra i praktiske og pedagogiske aktivitetar
  • vere vikar ved fråvær blant tilsette- bidra til eit trygt, inkluderande og godt læringsmiljø-vere med på aktivitetar ute og inne 

På SFO. 

Som tilkallingsvikar på SFO kan du få oppgåver som:

  • ha ansvar for og følgje opp elevar på SFO
  • delta i leik, aktivitetar og praktiske oppgåver
  • bidra med måltid, rydding og andre daglege SFO-oppgåver

Arbeidsoppgåvene vil variere etter behov, kompetanse og situasjon. 

Vi ser etter deg som

  • Er trygg, positiv og omsorgsfull i møte med barn 
  • Likar å vere saman med barn og bidra til ein aktiv og meiningsfull kvardag 
  • Er fleksibel og kan stille på kortare varsel når det er behov 
  • Er ansvarsfull og påliteleg samarbeider godt med andre 
  • Ser den enkelte eleven og møter barn med respekt og varme 
  • Kan ta initiativ og arbeide sjølvstendig 
  • Trivst både ute og inne 
  • Har interesse for Montessori-pedagogikk og ønskjer å bli kjend med arbeidsmåten vår

Relevant utdanning eller erfaring frå skule, SFO, barnehage eller anna arbeid med barn er ein fordel, men ikkje eit krav. Det viktigaste for oss er at du er ein trygg og god vaksen som ønskjer å bidra til at elevane våre får ein god skule- og SFO-kvardag.

Arbeidstid

Arbeidsmengda vil variere etter behov.

Det kan vere aktuelt med:

  • vakter i skulen ved fråvær- SFO-vakter på ettermiddagane
  • arbeid på SFO i skuleferiar, til dømes haustferie og vinterferie
  • lengre eller kortare periodar med behov for ekstra bemanning


Vi ønskjer gjerne å knyte til oss ein person som har moglegheit til å arbeide nokre faste ettermiddagar på SFO, samtidig som det kan vere aktuelt med andre vakter etter behov. arbeidsmengda kan variere gjennom skuleåret.

Vi tilbyr 

  • Ein variert og meiningsfull arbeidskvardag 
  • Eit lite og inkluderande arbeidsmiljø 
  • Moglegheit til å bli kjend med Montessori-pedagogikken 
  • Varierte arbeidsoppgåver både i skule og SFO 
  • Moglegheit for fleire vakter og større arbeidsomfang når behovet oppstår 
  • Ein arbeidsplass der vi legg vekt på samarbeid, relasjonar og praktisk læring


Moltustranda Montessori er ein liten skule der vi kjenner kvarandre godt og arbeider tett saman. Hos oss får du moglegheit til å bli ein viktig del av kvardagen til elevane våre.


Politiattest

Tilsetting føreset godkjend politiattest i samsvar med gjeldande regelverk for arbeid i skule og SFO.


Høyrest dette ut som noko for deg? Send ein kort søknad med informasjon om deg sjølv, relevant erfaring og når du har høve til å arbeide til: post@moltustrandamontessori.no

Skriv gjerne litt om kvifor du ønskjer å arbeide hos oss.

Søknadsfrist: Fortløpande

Vi håper å høyre frå deg!