Ledig stilling


Moltustranda Montessoriskule har fått godkjenning frå UDIR og vil ta imot elevar på 1.–7. trinn frå hausten 2026. Med Montessori-pedagogikken som fundament og den varierte naturen på Moltustranda som ein aktiv del av kvardagen, ønskjer vi å skape ein skule der barn får utvikle seg heilskapleg – både fagleg, sosialt og emosjonelt.

Montessori-pedagogikken tek utgangspunkt i barnet si naturlege nysgjerrigheit og lærelyst. Læraren legg til rette for læring gjennom struktur, tydelege rammer og fridom med ansvar, der elevane får arbeide med konkrete materiell og utforske i sitt eige tempo. I aldersblanda grupper lærer barna å samarbeide, ta ansvar for seg sjølve og andre, og bidra aktivt i fellesskapet – ein grunnstein i Montessori-pedagogikken.

Ved Moltustranda Montessoriskule legg vi stor vekt på livsferdigheiter som kreativitet, sjølvstende, samarbeid og fellesskap – eigenskapar vi meiner er viktige for å møte framtida. Skulen skal vere ein naturleg møteplass i ei bygd prega av engasjerte foreldre og eit aktivt lokalsamfunn, der barn og vaksne får høve til å lære, meistre og utvikle seg saman.

Vi oppmodar alle kvalifiserte søkjarar til å søkje, uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne eller bakgrunn. Personleg eignaheit vil bli vektlagt.

I første søkjer vi etter:

- Rektor/dagleg leiar

- Montessoripedagog

Lærarar i grunnskulen uten montessori utdanning, samt fagarbeidarar vert utlyst etterkvart, men send oss gjerne ein søknad/mail allereie no om du er interessert i ei slik stilling hos oss.

Montessoripedagog 

Oppstart: august 2026

Drøymer du om å vere med på å starte ein ny skule – og undervise på ein stad der barna si naturlege utforskartrong, lærelyst og meistring står i sentrum? Hos oss får du jobbe på ein liten og oversiktleg skule, med tett vaksenoppfølging, aldersblanda grupper og naturen som ein viktig del av læringskvardagen. Her får du høve til å vere med og byggje både struktur, kultur og fagmiljø – heilt frå starten.

Kvifor dette er noko meir enn ein vanleg lærarjobb

Hos oss får du høve til å:

  • vere med å byggje opp skulen sitt fagmiljø frå grunnen av
  • skape eit læringsmiljø der meistring, ansvar og nysgjerrig utforsking står i sentrum
  • nyte «småskulefordelen»: kort avstand mellom idé og handling, og tett kontakt mellom lærarar, elevar og engasjerte foreldre
  • vere del av eit fagleg nettverk av montessoripedagogar som gir støtte, fellesskap og inspirasjon

Vi ser etter deg som:

  • har godkjend lærarutdanning for grunnskulen
  • har montessorikompetanse for anten 1.–4. trinn og/eller 5.–7. trinn
  • ønskjer å vere ein del av eit lite og engasjert team som løftar kvarandre, feirar både små og store sigrar, og veks og trivst saman

Lærarar utan Montessori-utdanning, men med ønskje om å ta denne, er også velkomne til å søkje. Montessoripedagogar vil bli prioriterte i første omgang. Moltustranda Montessoriskule gir økonomisk støtte til Montessori-utdanning.

Personlege eigenskapar

  • Du får energi når barn meistrar noko nytt og utviklar seg vidare
  • Du møter barn med respekt, varme og tru på deira eiga drivkraft
  • Du trivst i eit arbeidsmiljø med mykje samhald, smil og rom for utvikling – og bidreg sjølv aktivt til å skape det
  • Du er like komfortabel med å planleggje pedagogiske opplegg som å setje på kaffien
  • Du har ei positiv innstilling og likar å bruke naturen og nærmiljøet aktivt i skulekvardagen

Kjenner du deg att?

Då vil vi gjerne høyre frå deg. Har du spørsmål, eller ønskjer du ein uformell prat før du søkjer, er du hjarteleg velkomen til å ta kontakt.

For søkjarar som ikkje bur i området, kan vi òg bistå i søk etter bustad for å gjere overgangen enklare dersom du vel å flytte hit.

Ta kontakt med

Nikoline Lillestøl-Moltu
📞 48 12 01 52
✉️ post@moltustrandamontessori.no

Lisa Jinette Kristiansen
📞 40 16 41 83
✉️ post@moltustrandamontessori.no

Formelle opplysningar

Arbeidsgjevar: Moltustranda Montessoriskule SA
Arbeidsstad: Moltustranda, Herøy kommune
Stillingstype: Fast. 100 % frå skulestart hausten 2026 (eventuelt redusert stillingsprosent etter avtale)
Løn: Etter avtale og gjeldande tariff
Pensjon: Konkurransedyktige vilkår
Politiattest: Den som vert tilsett må leggje fram politiattest, jf. privatskolelova § 4-3
Søknadsfrist: 1. April 2026
(Søknader blir vurderte fortløpande – vi oppmodar deg til å søkje tidleg)
Oppstart: August 2026
Søknad med CV sendast til: post@moltustrandamontessori.no