Skuleplass frå hausten 2026
Søknad om skuleplass for skuleåret 2026/2027
Moltustranda Montessoriskule tek imot elevar på 1.–7. trinn frå hausten 2026. Skulen er godkjend av UDIR og byggjer på Montessori-pedagogikken, utvikla av Maria Montessori – ei pedagogisk retning som i dag er utbreidd over heile verda.
Hos oss står barnet si nysgjerrigheit, lærelyst og heilskaplege utvikling i sentrum. Vi ønskjer å skape ein skulekvardag prega av ro, struktur, meistring og fellesskap – med den varierte naturen på Moltustranda som ein verdifull læringsarena.
Kva kjenneteiknar Montessori-pedagogikken?
Nokre sentrale prinsipp i Montessori-pedagogikken er:
- Det førebudde miljøet – klasserommet er gjennomtenkt og tilrettelagt med eigna møblar og konkret læremateriell
- Fridom med ansvar – elevane får val innanfor tydelege rammer
- Individuell læring og samarbeid – elevane arbeider både sjølvstendig og saman
- Arbeidsro og konsentrasjon – tid til fordjuping utan unødige avbrot
- Konkret læring og motorikk – det abstrakte blir forståeleg gjennom praktisk arbeid
- Heilskap og fellesskap – respekt, ansvar og fredstanken står sentralt
Skulen følgjer offentleg læreplan (Kunnskapsløftet), men undervisninga skjer etter Montessori-pedagogikken sine metodar. Skulen er religiøst nøytral.
Kva kostar det å ha barn ved Moltustranda Montessoriskule?
Foreløpig budsjett for skuleåret 2026/2027 stipulerer følgjande skulepengar:
- Kr 500,- per månad for første barn
- Kr 300,- per månad for barn nummer to
- Barn nummer tre er gratis
Skulepengane blir betalte for 11 månader per skuleår, og er tenkt å dekkje mjølk, frukt og grønsaker, samt fellesmåltid.
Søknadsfrist er utvida og plassane blir fylt opp fortløpande
Siste søknadsfrist for skuleåret 2026/2027 er 01. April 2026.
