Skulefritidsordning (SFO)


Skulen tilbyr SFO på morgon og/eller ettermiddag, basert på behov og etterspurnad. For at vi skal kunne planleggje opningstider og bemanning på ein god måte, ber vi føresette om å fylle ut eige SFO-søknadsskjema dersom barnet har behov for SFO.

I søknaden ber vi om omtrente tider for dei ulike dagane.

Pris og støtteordningar for SFO

Nøyaktige prisar for SFO blir berekna ut frå tal på barn som nyttar tilbodet. Målet vårt er å halde kostnadane så låge som mogleg, samstundes som vi sikrar eit godt og trygt tilbod for barna.

Det gjeld dei same støtteordningane for gratis kjernetid i SFO for 1.–3. trinn som ved kommunal SFO. Dette inneber at familiar som har rett på gratis kjernetid, også vil ha dette ved Moltustranda Montessoriskule.

Viktig å vite

  • Det må sendast inn eitt søknadsskjema per barn
  • SFO-plass gjeld for eitt skuleår om gongen

Oppseiing

Oppseiing av skuleplass og/eller SFO-tilbod må skje skriftleg, med 3 månaders oppseiingstid.

Handsaming av søknader

Søknader blir handsama av skulen si leiing i tråd med inntaksreglementet og forvaltningslova. Alle søkjarar får skriftleg svar, normalt innan seks veker etter søknadsfristen. Vedtak om inntak kan påklagast i samsvar med privatskulelova.

Spørsmål?

Har du spørsmål om skulen, pedagogikken eller søknadsprosessen, er du hjarteleg velkomen til å ta kontakt med oss.

Søk plass