Informasjon om skulepengar og opptak ved Moltustranda Montessori  

Moltustranda Montessori planlegg oppstart hausten 2026, og vi opplever allereie stort engasjement og interesse frå bygda og nærområdet. Samstundes har vi høyrt nokre rykte om at det kan vere veldig dyrt å gå på ein Montessoriskule.
Vi ønskjer difor å vere opne og tydelege om dette – sjølv om ikkje alle detaljar er heilt avklara enno.
Per i dag har vi valt å avvente med å fastsetje endeleg pris, då kostnader knytt til bygg og leige ikkje er fullt avklart.

 
Det vi likevel kan seie med tryggleik, er at Moltustranda Montessori ikkje kjem til å vere betydeleg dyrare enn andre private skular i området. 

Foreløpig budsjett for skuleåret 2026/2027 stipulerer følgjande skulepengar:

  • Kr 500,- per månad for første barn
  • Kr 300,- per månad for barn nummer to
  • Barn nummer tre er gratis

Skulepengane blir betalte for 11 månader per skuleår, og er tenkt å dekkje mjølk, frukt og grønsaker, samt fellesmåltid.

For oss er det svært viktig å understreke at vi ikkje ønskjer å skape eit økonomisk skilje i bygda vår. 

Moltustranda Montessori skal vere ein skule for alle. For familiar med særleg låg inntekt vil det vere mogleg å søkje om redusert betaling, på liknande måte som ein kan gjere gjennom kommunen for redusert foreldrebetaling i barnehage. Gjennom ei stipend- og moderasjonsordning ønskjer vi å sikre at økonomi ikkje skal vere til hinder for å velje skulen.

Målet med å etablere Montessoriskule på Moltu er å gi elevane moglegheit til å fortsette å gå på skule saman, bevare tilhøyrsle og ta vare på det gode og trygge skulemiljøet vi allereie har i bygda. Vi håpar at både noverande og framtidige familiar tek kontakt med oss dersom de lurer på noko. Vi svarar så godt vi kan, og set stor pris på dialog i denne fasen. Vi vil òg invitere til eit informasjonsmøte tidleg i januar, der vi deler alt vi veit så langt om skulen, planar og økonomi – og der det sjølvsagt vert rikeleg høve til å stille spørsmål. 

Saman håpar vi å skape ein inkluderande, trygg og framtidsretta skule for barna på Moltu