Om oss

Moltustranda Montessoriskule har planlagt oppstart på vakre Moltustranda i Herøy kommune hausten 2026.

 

Vi skal vere ein framtidsretta, liten barneskule som byggjer på Maria Montessoris pedagogiske filosofi: Å setje barnet i sentrum og skape eit miljø der kvart enkelt barn får utvikle seg i sitt eige tempo.

Hos oss skal elevane møte ein skulekvardag prega av utforsking, meistring og glede. I små klassar, med tett oppfølging frå dedikerte vaksne, skal barna få tid og rom til å vekse, lære og utvikle si eiga indre drivkraft.

Vi trur på:

  • Respekt for barnet si eiga utviklingLæring gjennom praktisk arbeid og sansing
  • Ei open dør mot naturen – fjell, hav og skog er viktige delar av vår læringsarena
  • Samarbeid mellom heim, skule og lokalsamfunn


Vår visjon: Å gi kvar elev mot til å vere seg sjølv, lære heile livet og finne si eiga stemme i verda

Kven er vi?

Moltustranda Montessoriskule er initiert av lokale eldsjeler som ønskjer å skape eit alternativt og inkluderande skuletilbod i nærområdet. Med Montessori-pedagogikken som grunnmur bygger vi ein skule der både barn og vaksne får utvikle seg i takt med eigne styrkar og interesser.

Vil du vere med? Vi er no i ein spennande oppstartsfase og søker både lærarar, assistentar og støttespelarar som brenn for barn si læring og utvikling. Ta kontakt om du har spørsmål eller ønsker meir informasjon