Ofte stilte spørsmål (FAQ) – for føresette
Kva er ein Montessori-skule?
Ein Montessori-skule byggjer på ein pedagogikk der barnet si naturlege nysgjerrigheit og lærelyst står i sentrum. Barna arbeider i sitt eige tempo, i aldersblanda grupper, med konkrete læringsmateriell og tett vaksenrettleiing. Målet er å utvikle både faglege ferdigheiter, sjølvstende, ansvar og sosial kompetanse.
Kva betyr det at elevane går i aldersblanda grupper?
I Montessori går elevar på tvers av alder saman i grupper (til dømes 1.–3., 4.–5. eller 6.–7.). Dette gjer at barna lærer av kvarandre, tek ansvar, og utviklar gode relasjonar. Yngre barn ser opp til dei eldre, medan dei eldre styrkjer eigen læring ved å forklare og vere førebilete.
Korleis ser ein vanleg skuledag ut?
Skuledagen er prega av ro, struktur og aktivitet. Læraren gir korte presentasjonar, før elevane arbeider vidare sjølvstendig eller i små grupper. Det er rom for både fordjuping, praktisk arbeid, pausar og bevegelse. Naturen og nærmiljøet blir brukt aktivt som ein del av undervisninga.
Korleis følgjer de opp elevane fagleg?
Lærarane har tett oppfølging av kvar elev og følgjer utviklinga over tid. Sidan elevane arbeider i sitt eige tempo, får dei både utfordringar og støtte tilpassa eigne behov. Vurdering skjer gjennom observasjon, dialog og arbeid – ikkje gjennom karakterar på barnetrinnet.
Kva kostar det å ha barn ved Moltustranda Montessoriskule?
Foreløpig budsjett for skuleåret 2026/2027 stipulerer følgjande skulepengar:
- Kr 500,- per månad for første barn
- Kr 300,- per månad for barn nummer to
- Barn nummer tre er gratis
Skulepengane blir betalte for 11 månader per skuleår, og er tenkt å dekkje mjølk, frukt og grønsaker, samt fellesmåltid.
Tilbyr de skulefritidsordning (SFO)?
Ja. SFO-tilbodet vil bli tilpassa etterspurnaden, men vi tek sikte på å tilby SFO både om morgonen og på ettermiddagen.
Korleis fungerer inntak av elevar?
Skulen tek inn elevar innanfor den kapasiteten vi har. Dersom det blir fleire søkjarar enn plassar, vil inntaket skje i tråd med skulen sitt inntaksreglement.
Kva forventningar har de til føresette?
Eit viktig prinsipp for å halde skulepengane så låge som mogleg, er at føresette bidreg aktivt gjennom dugnad. Dugnadane blir organiserte av FAU og kan vere knytt til både praktisk arbeid og arrangement.
Vi set stor pris på eit godt samarbeid mellom skule og heim – til beste for barna.
Kan vi bidra på andre måtar?
Ja, gjerne. Skulen er takksam for donasjonar av utstyr, både til undervisning, leik og utemiljø, dersom nokon har høve til det.
Kva skjer dersom vi ønskjer å seie opp skuleplass eller SFO?
Eventuell oppseiing av skuleplass og/eller SFO-tilbod må skje skriftleg, med 3 månaders oppseiingstid.
Kven kan vi kontakte om vi har fleire spørsmål?
Ta gjerne kontakt med oss for ein prat – vi svarer gjerne på spørsmål og fortel meir om skulen, pedagogikken og kvardagen hos oss.
Kva seier foreldre ofte etter å ha valt Montessori?
«Vi skulle ønske vi visste om dette før.»
Det er ein setning mange foreldre kjem
tilbake til. I starten var dei kanskje usikre:
Blir det for fritt? Lærer barna nok?
Passar dette for vårt barn?
Men etter ei stund i
Montessori-skulekvardagen, er det andre ting dei legg merke til.
Mange foreldre fortel at barna deira blir meir sjølvstendige. Dei tek ansvar for eigne oppgåver, ryddar etter seg, fullfører arbeid – og er stolte av det dei får til. Læringa kjem ikkje fordi dei må, men fordi dei vil.
Andre seier at barnet har fått meir ro og tryggleik i kvardagen. Mindre stress, færre samanlikningar og meir tid til å forstå stoffet i sitt eige tempo. For nokre barn betyr det færre frustrasjonar, for andre betyr det meir fagleg fordjuping.
Foreldre legg også merke til at barna snakkar
annleis om skulen. I staden for «kva fekk du i lekse?» høyrer dei:
«I dag jobba eg vidare med noko eg
ikkje vart ferdig med i går.»
«Eg hjelpte ein yngre elev med
matematikk.»
«Eg fann ut korleis dette
eigentleg heng saman.»
Mange peikar på det sterke fellesskapet i aldersblanda grupper. Barna får vener på tvers av alder, lærer å vise omsorg, og opplever å både få hjelp – og vere til hjelp. Det skaper tryggleik og respekt, ikkje konkurranse.
Foreldre seier òg at dei opplever tettare samarbeid med skulen. Lærarane kjenner barnet godt, følgjer utviklinga over tid, og ser både det faglege og det menneskelege.
Til slutt er det mange som seier dette:
«Barnet vårt har blitt meir trygg på seg
sjølv.»
Og for dei fleste foreldre er det
kanskje det viktigaste av alt.
